Peder Ferdinand Reinhardt () var ein norsk forretningsmann og politikar frå Kristiansand.

Han var son til den rike forretningsmannen O. C. Reinhardt i Kristiansand. I yngre år gjekk han handelsakademiet i Lübeck. Han overtok handelshuset etter far sin, med skipsverft, reiarlag, dampskipsekspedisjon, kolimport mm. I fleire år var han formann i børskomiteen i byen, og i handelsforeininga. Reinhardt var medlem av bystyret 1871-1904, ordførar i 1874.

Reinhardt vart vald til 1. representant for heimbyen på Stortinget 1877-1882, møtte ikkje i 1882, og 2. representant 1889-91. Heile tida på tinget var han medlem av jarnbanekomiteen. Han var medlem av mellomrikskommisjonen av 1889.

Han døydde i heimbyen 1908.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff Arkiv etter Peder Reinhardt på Arkivportalen

Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Moderate Venstre Kategori:Norske handelsfolk Kategori:Folk frå Kristiansand