James Lee Duncan Carragher () er ein engelsk tidlegare fotballspelar som har spela i forsvar for Liverpool i engelsk Premier League, og for det engelske landslaget. Han har spelt for Liverpool heile karrieren sin, og var med på å vinna den europeiske Meisterligaen med dei i 2005 og UEFA-cupen i 2001. Han debuterte for A-landslaget 28. april 1999 som innbytar i ein kamp mot Ungarn. Han var med i England sin tropp til fotball-EM i 2004 og fotball-VM i 2006, men i 2007 trekte han seg frå vidare landslagsspel. I 2010 let han seg overtala til å koma attende til landslaget og vart teken ut i England sin tropp til fotball-VM i 2010. Carragher er gift og har éin son og éi dotter.
Merittar Vinnar av Meisterligaen: 2005 med Liverpool FC Vinnar av UEFA-cupen: 2001 med Liverpool FC Vinnar av FA-cupen: 2001 og 2006 med Liverpool FC Vinnar av den engelske ligacupen: 2001, 2003, 2012 med Liverpool FC Finalist i Meisterligaen: 2007 med Liverpool FC Finalist i FA-cupen: 2012 med Liverpool FC Finalist i den engelske ligacupen: 2005 med Liverpool FC
Kjelder eu-football
Denne artikkelen bygger på «Jamie Carragher» frå , den 3. juli 2024.
Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Liverpool-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2004 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2006 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010