Tove Bull () er ein norsk språkforskar. Ho var rektor ved Universitetet i Tromsø mellom 1996 og 2001. Frå 1984 var ho førsteamanuensis i nordisk språkvitskap, og sidan 1990 har ho vore professor ved Det humanistiske fakultet ved Institutt for nordisk språk og litteratur. Som forskar har Bull vore særleg oppteken av leseopplæring og språkkontakt.

Tove Bull var medlem av Norsk språkråd mellom 1980 og 1995. Ho var ekstern medlem av styret for Høgskolen i Finnmark 2003-07, og ekstern medlem av styret for Samisk høgskole (Sámi allaskuvla) 2007-2015. I 2006 vart ho utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tove Bull» frå , den 27. april 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske språkforskarar Kategori:Norske litteraturprofessorar Kategori:Rektorar ved UiT Noregs arktiske universitet Kategori:Professorar ved UiT Noregs arktiske universitet Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Folk frå Alta Kategori:Nynorsk i Nord-Noreg