Carl Christian Berner () var ein norsk skuledirektør og politikar for partiet Venstre, fødd i Christiania. Oluf Berner var far hans, Jørgen Berner og Carl Berner den yngre sønene hans.

Berner vart student i 1859 og tok graden cand.philol. i 1861. Han var deretter lærar ved ulike skular i hovudstaden, mellom dei Gjertsens skole 1865 og Aars & Voss frå 1866. I 1874 vart han inspektør ved sistnemnde skule, men same året direktør ved den tekniske skulen i Bergen. Han var medlem av Bergens bystyre. mini|venstre|Berner-familien si grav på Vestre gravlund i Oslo mini|Karikatur av Andreas Bloch i «Korsaren» frå 1905: Stortingspresident Berner vernar Amandus Schibsted i Aftenposten og Nils Vogt i Morgenbladet mot Ola Thommessen frå Verdens Gang. Berner representerte Bergen på Stortinget 1886-1891 og 1895-1903. 1886-91 var han medlem av jarnbanekomiteen, 1889-91 i tillegg president i Odelstinget og medlem av valkomiteen. Han kom i mars 1891 med i den fyrste Steen-regjeringa, sat i statsrådsavdelinga i Stockholm til han var sjef for Kyrkjedepartementet frå juli 1892 til mai 1893.

1895-97 var Berner medlem av valkomiteen og budsjettkomiteen på Stortinget. Han heldt fram i begge desse komiteane i neste stortingsperioden 1898-1900, vart vald til stortingspresident 21. februar 1898. 1900-03 var han mellom anna formann i konstitusjonskomiteen og i 1901 av den kombinerte konstitusjons- og vegkomiteen. Åra 1903-09 var Berner stortingsrepresentant for Sarpsborg. 1903-04 var han formann i komiteen om endringar i forretningsordenen, og i 1906 formann i den kombinerte konstitusjons- og gasjekomiteen.

Vervet som stortingspresident hadde Berner på alle storting frå 1898 fram til og med 1909. Han var såleis president 7. juni 1905, leia forhandlingane som førte fram til 7. junivedtaket. Sommaren og hausten i 1905 var han med i delegasjonen som i Karlstad forhandla med Sverige om oppløysing av unionen mellom dei to monarkia. Berner leia Stortinget då det vart vald ny konge, og han tok i november 1905 den nye kongen, Haakon VII, i eid.

Berner vart 29. november 1905 utnemnd til storkors av St. Olavs Orden. Han vart også tildelt 7. juni-medaljen.

Han var medlem av Nobelkomiteen 1904-18.

Berner døydde i Kristiania i 1918. Carl Berners plass i tjukkaste Oslo, er kalla opp etter Berner.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske kyrkje- og undervisningsministrar Kategori:Venstrestatsrådar Kategori:Norske statsrådar 1884-1905 Kategori:Stortingspresidentar Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Stortingsrepresentantar 1898-1900 Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Bergen Kategori:Stortingsrepresentantar for Sarpsborg Kategori:Leiarar for Venstre Kategori:Formenn av Det Norske Studentersamfund Kategori:Medlemmar og varamedlemmar i Nobelkomiteen Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Dannebrogordenen Kategori:Æreslegionen Kategori:Gravlagde på Vestre gravlund Kategori:Politikarar frå Oslo