Universitetet i Oslo (UiO, latin Universitas Osloensis) vart grunnlagt i 1811 som Det Kgl. Frederiks Universitet (latin Universitas Regia Fredericiana). Universitetet vart kalla opp etter kong Fredrik VI av Danmark-Noreg. Eit viktig førebilete var Humboldt-universitetet i Berlin. mini|Dei fyrste universitetsbygningane på Karl Johans gate i Oslo sentrum. No hyser desse bygningane berre Det juridiske fakultetet. mini|Eilert Sundts hus, ein av fleire bygningar som Universitetet i Oslo har på Blindern i Oslo. Universitetet, som endra offisielt namn i 1939, er det eldste universitetet i Noreg. Lenge vart institusjonen berre kalla «Universitetet», sidan det var det einaste universitetet i landet. Universitetet i Bergen opna som Noreg sitt andre universitet i 1946.

Universitetet i Oslo held til på Blindern i Oslo, der det frå 1930-talet og frametter har vorte bygd eit nytt universitetssentrum, «campus» i dagens terminologi. No er det berre Det juridiske fakultet som held til i dei opphavlege universitetsbygningane ved Karl Johans gate i sentrum av Oslo. Universitetet har kring 32 000 studentar.

Fakultet Det humanistiske fakultet (til 2005: Det historisk-filosofiske fakultet) (HF) Det juridiske fakultet (JF) Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet (Matnat) Det medisinske fakultet (MED) Det odontologiske fakultet Det samfunnsvitenskapelige fakultet (SV) Det teologiske fakultet (TF) Det utdanningsvitenskapelige fakultet (UV)

Nobelprisvinnarar Fire forskarar ved Universitetet i Oslo har motteke Nobelprisen: Ragnar Frisch (1895–1973) fekk i 1969 Nobels minnepris i økonomi. Odd Hassel (1897–1981) fekk i 1969 nobelprisen i kjemi. Ivar Giæver (fødd 1929) fekk i 1973 nobelprisen i fysikk. Trygve Haavelmo (1911–1999) fekk i 1989 Nobels minnepris i økonomi.

Rektorar Tidlegare rektorar er mellom anna Ole Petter Ottersenhttps://forskning.no/forskningssvindel-om-forskning/tidligere-uio-rektor-mistenkt-for-forskningsfusk/1214535 . forskning.no

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Oslo

Kategori:Skipingar i 1811