Johann Christoph Friedrich Bach () var ein tysk komponist, og den niande sonen til Johann Sebastian Bach. Han vert nokre gonger referert til som Bückeburg-Bach.

Han vart fødd i Leipzig og undervist i musikk av faren sin. Han studerte ved St. Thomas-skulen, og nokre meiner at han studerte jus ved universitetet der, men det finst det ikkje bevis for. I 1750 gjorde grev Wilhelm av Schaumburg-Lippe Johann Christoph til cembalist ved Bückeburg, og i 1759 til konzertmeister.

Johann Christoph skreiv klaversonatar, symfoniar, oratorium, liturgiske korsongstykke og motettar, operaer og songar. Greiv hadde ein forkjærleik for italiensk musikk, og Johann Christoph måtte tilpasse stilen sin deretter, men han heldt mange av elementa han hadde teke etter faren og broren, musikken til Carl Philipp Emanuel.

Encyclopedia Britannica frå 1911 skildrar Johann Christoph Friedrich Bach som ein dugeleg komponist, «viss verk ikkje gjer noko skam på familienamnet». Då professor Peter Schickele samanlikna den fiktive komponisten P. D. Q. Bach med dei andre sønene til Johann Sebastian, sa han at musikken til P. D. Q. hadde «obskuriteten til Johann Christoph Friedrich».

Bakgrunnsstoff

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Johann Christoph Friedrich Bach» frå , den 22. juli 2010.

Kategori:Tyske komponistar Kategori:Klassisistiske komponistar Kategori:Folk frå Leipzig Johann Christoph Friedrich