Rafael Ferdinand van der Vaart () er ein nederlandsk fotballspelar som har spela for Tottenham Hotspur i engelsk Premier League, og for det nederlandske landslaget. Han vart seriemeister i Nederland med Ajax i 2002 og 2004. Han debuterte for Nederland sitt A-landslag 6. oktober 2001 i ein kamp mot Andorra. Han tok del i troppen til fotball-EM i 2004 og fotball-VM i 2006 utan å få mykje speletid. I fotball-EM i 2008 fekk han fleire kampar frå start. I fotball-VM i 2010 spelte han frå start i Nederland sine gruppekampar og kom inn som innbytar i semifinalen og finalen.

Kategori:Nederlandske fotballspelarar Kategori:Ajax-spelarar Kategori:Hamburg-spelarar Kategori:Real Madrid-spelarar Kategori:Tottenham-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2004 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2006 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2008 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012