Mauritisk rupi er mynteininga som vert brukt på den afrikanske øystaten Mauritius, i Indiahavet. Valutaen vart innført i 1877 og erstatta den mauritiske dollaren. Rupien vert utgjeven av Mauritius sin sentralbank, Bank of Mauritius, som har hovudkontor i Port Louis. Ein rupi vert inndelt i 100 cent, men centen er ikkje lenger i bruk.
Myntar
1 rupi 5 rupi 10 rupi 20 rupi
Alle myntane har bilete av Mauritius sin "landsfader", Seewoosagur Ramgoolam.
Sedlar, og bileta deira
25 rupi - bilete av Sir Moilin Jean Ah-Chuen, Rodrigues 50 rupi - bilete av Joseph Maurice Paturau, Le Caudan 100 rupi - bilete av Renganaden Seeneevassen, rettssal 200 rupi - bilete av Abdool Razack Mohamed, mauritisk marknad 500 rupi - bilete av Sookdeo Bissoondoyal, Universitetet på Mauritius 1000 rupi - bilete av Charles Gaëtan Duval, statshuset 2000 rupi - bilete av Seewoosagur Ramgoolam, okse og ei vogn med sukkerrøyr
Rupi vert i tillegg brukt m.a. på Seychellane, i Pakistan, India og Nepal.
Kjelder
Artikkelen er omsett frå stoff om Mauritisk rupi frå artiklane på wikipedia på bokmål og wikipedia på engelsk.
Kategori:Valuta Kategori:Mauritius