Otto Frederik Waldemar Rode () var ein norsk gardbrukar og stortingsmann. Han var son til Frederik Rode og bror til Carl Theodor Rode.

Rode var fødd på prestegarden i Gjerpen. Han vart gardbrukar på storgarden Frydenlund i Lier. I Lier hadde han ei rekke kommunale verv. 1900-03 var han 1. varamann til Stortinget frå Buskerud, møtte 11.-29. januar 1902 i staden for Bernhard Tandberg. Han representerte Høgre og møtte i vegkomiteen. Perioden 1903-06 var han 2. varamann.

Rode døydde 1911 på garden sin i Lier.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Folk frå Skien Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Norske gardbrukarar frå 1900-talet