Niels Mathias Rye () var ein norsk embetsmann, stortingsrepresentant og statsråd.
Rye var fødd i Bø i Telemark, far hans var offiser. Sjølv vart han student i 1841 og cand. jur. i 1846. Frå 1847 arbeidde han i indredepartementet, siste tre åra, 1857-60, var han byråsjef i generalpostdireksjonen. Deretter var han tilsett i marine- og postdepartementet, ekspedisjonssekretær frå 1863. År 1869 vart han amtmann i Søndre Bergenhus. Frå 1877 var han amtmann i Bratsberg og i perioden 1880-1905 stiftamtmann i Kristiania. Han var i 1877 formann i ein kongeleg kommisjon om «abnormskolevæsenet».
1877-79 var Rye stortingsrepresentant for Bergen. Han var medlem av vegkomiteen.
I fem døgn var Rye statsminister i Noreg, i overgangen mellom Selmer-regjeringa og Schweigaard-regjeringa, frå 29. mars til 3. april 1884.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 regjeringen.no
Kategori:Norske statsministrar Kategori:Norske statsrådar 1814-1884 Kategori:Norske amtmenn Kategori:Stortingsrepresentantar for Bergen Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Fylkesmenn i Bergen og Hordaland Kategori:Fylkesmenn i Telemark Kategori:Folk frå Bø i Telemark