Øyvind Vågnes () var ein norsk forfattar som var fødd i Brattvåg og busett i Bergen. Han debuterte litterært i 2003 med romanen Ingen skal sove i natt. For Ekko fekk han Nynorsk Litteraturpris 2005.

Vågnes hadde doktorgraden (dr. art) ved Universitetet i Bergen, og arbeidde som forfattar, forskar, redaktør, omsetjar, og kritikar. Som forskar var Øyvind Vågnes knytt til ei rekkje prosjekt ved Universitetet i Bergen, Syddansk Universitet, og ved Københavns Universitet. Zaprudered: The Kennedy Assassination Film in Visual Culture (2011) vart ei av tre nominerte utgivingar i kategorien medie- og kulturstudier under den årlege utdelinga av American Publishers Awards for Professional and Scholarly Excellence.

På 2000-talet sat Vågnes i redaksjonen til det litterære tidsskriftet Vagant, og frå 2010 fungerte han som ansvarleg redaktør for journalen Ekfrase: Nordisk tidsskrift for visuell kultur (Universitetsforlaget). Omsetjingsarbeidet omfatta m.a. nyare nordamerikansk skjønnlitteratur (Don DeLillo, Lydia Davis, Rick Moody, David Means) og ei rekkje faglitterære artiklar.

Vågnes verka som kritikar i Morgenbladet og i Klassekampen, og skreiv om musikk i vekeavisa Dag & Tid frå 2000.

Utgjevingar Ingen skal sove i natt - roman (2003) Ekko - roman (2005) Sekundet før - roman (2010) Zaprudered: The Kennedy Assassination Film in Visual Culture - fagbok (2011) Kennedybildet - boksingel (2013) Den dokumentariske teikneserien - fagbok (2014) Sone Z - roman (2014) Den vesle blå haien - barnebok (2016) Ei verd utan hestar - roman (2022)

Prisar og utmerkingar Nynorsk litteraturpris 2005, for Ekko Peter C. Rollins Book Award 2013, for Zaprudered: The Kennedy Assassination Film in Visual Culture

Kjelder

Kategori:Forfattarar frå 2000-talet Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske akademikarar Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Folk frå Haram Kategori:Vinnarar av Nynorsk litteraturpris