Ole Larsson Skattebøl () var ein norsk jurist og politikar, medlem av Høgre.

Skattebøl var son til gardbrukaren Lars Olsson Skattebøl i Ål i Hallingdal. Sjølv gjekk han seminaret i Asker, tok eksamen i 1863. Deretter var han i halvtanna år huslærar i Elverum, 1865-70 lærar ved latinskulen i Drammen. Han vart student i 1869 og cand. jur. i 1872. 1872-73 var han fullmektig hos sorenskrivaren i Solør og 1874-76 i tilsvarande stilling i Nes i Hallingdal. Frå 1877 til 1890 var han sakførar i Nes. Sidan var han sorenskrivar i Hallingdal frå 1890 og frå 1899 skifteforvaltar i Kristiania.

1904-18 var Skattebøl dommar i Høgsterett. Han er kjend for å ha uttala at Høgsterett aldri har late seg tvinge av ei lov til å felle ein dom som den fann urettvis.Gjengitt av Fredrik Stang i Tidsskrift for Rettsvitenskap 1942, s. 19.

Skattebøl var medlem av heradsstyret i Nes, ordførar 1880-83 og 1888-90, sparebankdirektør i Nes Sparebank. Formann i jarnbanekomiteen i Buskerud.

Skattebøl var stortingsmann for Buskerud i periodane 1877-82, 1889-91 og 1895-97. 1877-82 var han sekretær i Odelstinget. Han var medlem av justiskomiteen 1877-82 og 1889, formann 1890-91 i same. 1889 var han sekretær i Stortinget, 1890-91 medlem av valkomiteen. Siste stortingsperioden var han medlem av næringskomite nr 2. 1884 vart Skattebøl vald til formann i 'Buskeruds amts grunnlovsforening', eit lag som støtta høgrelina i politikken. Han var mellom dei leiande på den konservative sida i norsk politikk i åra før unionsoppløysinga i 1905. Partiformann i Høgre frå 1902 til 1905.

1891-1907 var Skattebøl medlem av sivilprosesskommisjonen.

Skattebøl var far til kvinnesaksforkjemparen Margarete Bonnevie.

Kjelde Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Notar

Bakgrunnsstoff Biografi i Store norske leksikon

Kategori:Leiarar for Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Stortingsrepresentantar for Buskerud Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Ordførarar i Nesbyen Kategori:Høgreordførarar i Buskerud Kategori:Norske høgsterettsdommarar Kategori:Norske sorenskrivarar Kategori:Folk frå Ål