Jordvassmyr, minerogen myr eller minerotrof myr er myr som får tilført vatn både frå nedbør og grunnvatn som har vore i kontakt med mineraljord (minerogent vatn). Gjennom tilførselen av minerogent vatn får jordvassmyrane tilført meir næringsstoff enn reine nedbørsmyrar. Ein skil mellom soligen myr i hellande terreng der grunnvatnet er i rørsle, og topogen myr der grunnvatnet står stille.
Plantesamfunn på minerogen myr vert kalla minerotrofe. Jordvassmyrar kan vera botanisk rike myrar, men dei kan også vera mindre artsrike. Dette kjem an på næringsinnhaldet i grunnen dei ligg på.
Kjelder
Barentswatch
Kategori:Myr Kategori:Våtmarksområde