Ole Juell () var ein norsk embetsmann og stortingsmann. Daniel Bremer Juell var sonen hans.
Juell var fødd i Stange, der far hans var sorenskrivar. Han var i 1797 regimentskvartermeister og auditør i Christiania. I 1801 vart han sorenskrivar i Øvre Telemark, budde på garden Bjørge i Seljord til han døydde.
I 1818 representerte Juell Bratsberg amt på Stortinget. Han var formann i ein og sekretær i to av dei elleve komiteane han var medlem av. Formann i komiteen om lausgjengarlova og konventikkelplakaten av 1754, sekretær i komiteen om Kongsberg sølvverk. Elles var han medlem av Lagtinget, der han var sekretær.
Juell døydde i Seljord i 1832.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar 1818-1820 Kategori:Stortingsrepresentantar for Telemark Kategori:Norske sorenskrivarar Kategori:Folk frå Stange