Regulus (α Leo, α Leonis, Alfa Leonis) er den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet Løva og ei av dei mest lyssterke stjernene på nattehimmelen. Ho ligg kring 79 lysår frå jorda. Regulus er ei multippel stjerne som består av fire stjerner organiserte i to par. Regulus A består av ei blåkvit hovudseriestjerne og følgjestjerna hennar, som til no ikkje er blitt direkte observert, men som truleg er ei kvit dvergstjerne. Lenger unna ligg paret Regulus B og Regulus C, som er lyssvake hovudseriestjerner.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Regulus» frå , den 9. juli 2016.
Bakgrunnsstoff
Leo, Alfa Kategori:Hovudseriestjerner klasse B Kategori:Trippelstjerner Kategori:Løva Kategori:Stjerner med eigennamn Kategori:Objekt mindre enn 100 lysår frå jorda