Sami Khedira () er ein tysk tidlegare fotballspelar som vart verdsmeister for Tyskland i 2014. Han vart elles seriemeister i Tyskland med Stuttgart, i Spania med Real Madrid og i Italia med Juventus. Våren 2014 vann han den europeiske meisterligaen med Real Madrid. Khedira, som har tunisisk far og tysk mor, var midtbanespelar.
Karriere Klubbspel Khedira fekk sin debut i bundesliga 1. oktober 2006 med VfB Stuttgart. Han spelte 22 av kampane i ein sesong som enda med liga-triumf for eit mannskap som, mellom andre, bestod av Mario Gómez, Shkodran Mustafi og brasilianaren Cacau. Frå sommaren 2010 var Khedira Real Madrid-spelar. Her var han med på å vinne Copa del Rey to gongar, La Liga i 2012 og meisterligaen i 2014. Perioden 2015-20 gjorde han teneste i Juventus. Med laget frå Torino vart han italiensk seriemeister alle fem sesongane og nasjonal cupvinnar tre år i rad. Han la opp i 2021, etter få kampar for Hertha Berlin.
Landslagsspel Khedira debuterte for det tyske landslaget 5. september 2009 i ein privatlandskamp mot Sør-Afrika. Han var med i Tyskland sin tropp til fotball-VM i 2010, der han fekk ei viktig rolle sentralt på midtbanen, i og med at Michael Ballack måtte stå over turneringa med ein skade. Han spelte i alle Tyskland sine sju kampar, og skåra eitt mål, i bronsefinalen mot Uruguay. Også i europameisterskapen 2012 spelte han alle Tyskland sine kampar, skåra då Hellas vart eliminert i kvartfinalen med 4-2.
I den legendariske semifinalen mot vertslandet Brasil under Fotball-VM 2014 stod han for den femte skåringa då Tyskland sigra med 7-1. Derimot kom han ikkje på i sjølve VM-finalen mot Argentina. Khedira representerte åra 2010-18 Tyskland i samtlege tre verdsmeisterskap og begge europameisterskapane. Fram til og med Fotball-VM 2018 deltok han i 77 landskampar, skåra 7 mål. Han var kaptein i til saman 8 landskampar.
Merittar Verdsmeister: 2014 for Vest-Tyskland VM-bronse: 2010 for Tyskland EM-bronse: 2012 for Tyskland Vinnar av UEFA-meisterligaen: 2014 for Real Madrid Tysk ligameister: 2007 for VfB Stuttgart Spansk cupmeister: 2011 og 2014 for Real Madrid Spansk ligameister: 2012 for Real Madrid Italiensk seriemeister: 2016, 2017, 2018, 2019 og 2020 for Juventus Italiensk cupmeister: 2016, 2017, 2018 for Juventus
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sami Khedira» frå , den 3. august 2026.
eu-football
Kategori:Tyske fotballspelarar Kategori:Stuttgart-spelarar Kategori:Real Madrid-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2016 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2018 Kategori:Juventus-spelarar