Pyrop er eit magnesiumsrikt mineral som er del av granatgruppa. Pyrop er det einaste av minerala i denne gruppa som alltid er naturleg raudfarga, ofte djup blodraud. Namnet kjem frå gresk, og er sett saman av pyro ('eld') og peo ('auge'), altså 'eldauge'. Sjølv om pyrop er meir sjeldsynt enn dei fleste typane granat, er det ein ofte nyta smykkestein med mange ulike kallenamn, som bøhmisk granat, arizonarubin og californiarubin.

Kjelder

Kategori:Edelsteinar Kategori:Magnesiummineral Kategori:Aluminiummineral Kategori:Granatgruppa