Stjernesildre (Saxifraga stellaris) er ein plante i sildrefamilien. Arten har ei amfi-atlantisk utbreiing. Han er kring 10 cm høg og har lysgrøne rosettblad. Sidegreinene er oftast høgare enn midtblomsteren. Dei kvite kronblada er spisse og har raude eller gule flekkar nedst. Stjernesildre blømer kring juli månad på våte stader og ved bekkar. Planten finst i låglandet og i alle fjelltrakter i Noreg. Han er funnen opp til 1970 meter i Jotunheimen.
Kjelder
Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985. Ørjan Nilsson: Nordisk Fjellflora. Oslo 1995
Denne artikkelen bygger på «Stjärnbräcka» frå , den 29. august 2010.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Plantar i Noreg Kategori:Sildrefamilien