Aske er ein EP av Burzum, eit soloprosjekt av Varg Vikernes. Aske er den andre utgjevinga i prosjektet. EP-en vart spelt inn april 1992 («Dominus Sathanas» i september same året), men utgjevinga fann ikkje stad før mars 1993.
Plateomslaget viser dei svarte ruinane etter kyrkjebrannen på Fantoft stavkyrkje. Kyrkjebrannen, som skjedde sumaren 1992, vart støtta av Varg Vikernes. I dei 1000 fyrste kopiane av Aske låg det ein lighter som vart meint som ei symbolsk støtte til brannen.
Alle songane er komponerte og framførte av Vikernes sjølv, med støtte av Samoth, frå svartmetallbandet Emperor, på bass.
Medverkande Burzum Count Grishnack – elektrisk gitar, vokal, slagverk Samoth – bass Produksjon Pytten – produsent
Innhald
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Aske» frå , den 5. juli 2011. Burzum "Aske" (mini-LP) 1993, burzum.org
Kategori:Musikkalbum frå 1993 Kategori:Norske musikkalbum