Hard Rain er eit konsertalbum av Bob Dylan som fanga andre halvdel av Rolling Thunder Revue-turneen hans i 1976.

Albumet vart delvis spelt inn 23. mai 1976 under ein konsert ved Hughes Stadium i Fort Collins i Colorado, den nest siste konserten på turneet. Konserten vart òg filma og seinare sendt av NBC som ei timeslang spesialsending september same året. Fire spor frå albumet («I Threw It All Away», «Stuck inside of Mobile with the Memphis Blues Again», «Oh, Sister» og «Lay, Lady, Lay») vart spelte inn 16. mai 1976. Verken albumet eller fjernsynssendinga vart særleg godt motteke. Albumet er kalla opp etter ein av dei mest kjende songane til Dylan, «A Hard Rain's A-Gonna Fall», men denne songen er ikkje med på albumet. Sidan det regna tungt under store delar av konserten kan òg dette vere opphavet til tittelen.

Tim Riley i NPR skreiv: «Sjølv om bandet har spelt lenge i lag, har sjarmen forsvunne med utbyttingane deira», medan Janet Maslin i Rolling Stone Magazine skreiv «Hard Rain ser ut til å ha kome ut på ei tid då lufta i Rolling Thunder Revue, som var så lykkeleg og glimrande i starten, rett og slett har gått ut av ballongen.»

Albumet nådde 17. plass i USA og 3. plass i Storbritannia og selde etter kvart til gullplate i USA.

Innhald

Medverkande Bob Dylan - vokal, gitar, produsent

Andre medverkande Gary Burke - trommer T-Bone Burnett - gitar, piano David Mansfield - gitar Scarlet Rivera - fiolin Mick Ronson - gitar på «Maggie's Farm» Steven Soles - gitar, korvokal Rob Stoner - bass, korvokal Joan Baez - gitar, korvokal Howard Wyeth - trommer, piano

Teknisk Don DeVito - produsent Don Meehan - innspeling og lydteknikar Ken Regan - foto Paula Scher - design Lou Waxman - chief of tape research

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hard Rain (album)» frå , den 31. august 2010.

Kategori:Bob Dylan-album Kategori:Konsertalbum frå 1976 Kategori:Album produserte av Bob Dylan Kategori:Album produserte av Don DeVito Kategori:Columbia Records-album