Loch Treig (skotsk-gælisk Loch Trèig, som tyder 'dødssjøen') er ein 9 km lang innsjø med bratte sider, 20 km aust for Fort William i Lochaber i Highland i Skottland. Det er ingen vegar langs innsjøen, men jernbanen West Highland Line følgjer austbreidda.
Sidan 1929 har Loch Treig vore eit reservoar, skapt bak Treig Dam. Dette er ein del av Lochaber vasskraftsystem. Då vassnivået vart heva med bygginga av demninga, vart dei vesle grendene Kinlochtreig og Creaguaineach i sørenden lagt under vatn.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Loch Treig» frå , den 4. september 2010.
Treig Treig