John Wesley Powell () var ein amerikansk soldat, geolog og utforskar av Vest-USA og direktør for fleire vitskaplege og kulturelle institusjonar. Han er kjend for Powell-ekspedisjonen i 1869 der han reiste ned Green River og Colorado River og var mellom anna då den første europeiske amerikanaren som reiste gjennom Grand Canyon.

Powell var den andre direktøren i US Geological Survey (1881–1894) og la fram forslag til retningslinjer for utviklinga av det tørre Vesten, etter dei nøyaktige evalueringane han hadde gjort av tilhøva der. Han var direktør i Det amerikanske etnologibyrået ved Smithsonian Institution, der han støtta forsking av lingvistikk og sosiologi.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «John Wesley Powell» frå , den 5. september 2010.

Bakgrunnsstoff

Bilete av John Wesley Powell Powell Museum John Wesley Powell River History Museum

Kategori:USA-amerikanske oppdagarar Kategori:USA-amerikanske geologar Kategori:Folk frå den amerikanske borgarkrigen Kategori:USA-amerikanske språkforskarar