Eirin Kristin Sund () er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho vart vald inn på Stortinget frå Rogaland i 2005 og vald på nytt ved stortingsvalet 2009.
Eirin Sund har arbeidserfaring frå borne- og ungdomsarbeid i heimfylket Rogaland og er frå 2007 visepresident i Norges fotballforbund.
Før ho vart vald inn på Stortinget var ho fylkesvaraordførar i Rogaland 2003-05. Sund har tidlegare vore varaordførar i Gjesdal, politisk rådgjevar i Miljøverndepartementet og statssekretær i Samferdselsdepartementet. Sund var i 2006 med og stifta Humanistiske sosialdemokratar, der ho sat i styret frå 2006.
Eirin Sund er dotter av Ap-politikaren Kjell Sund.
Regjering 13. november 1996–17. oktober 1997: politisk rådgjevar i Miljøverndepartementet 17. mars 2000–19. oktober 2001: statssekretær i Samferdselsdepartementet
Stortingskomitear 2005–09: medlem i finanskomiteen 2009–: andre nestleiar i energi- og miljøkomiteen 2009–: medlem i valkomiteen
Bakgrunnsstoff Stortinget.no - Biografi
Kategori:Statssekretærar frå Ap Kategori:Folk frå Brønnøy Kategori:Stortingsrepresentantar for Rogaland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017