Åse Michaelsen (), tidlegare Åse Schmidt, er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Frå 17. januar 2018 til 3. mai 2019 var ho eldre- og folkehelseminister i regjeringa Solberg.
Ho vart vald inn på Stortinget frå Vest-Agder fylke i 2005. Valet i 2005 var eit særs jamnt løp mellom henne og Kari Henriksen frå Arbeidarpartiet, der Michaelsen enda med 19 fleire stemmer enn Henriksen. Ved stortingsvalet 2009 stod Michaelsen på førsteplass på lista til Framstegspartiet og vart vald på nytt.
Ho har eitt års høgare utdanning og er også utdanna interiørarkitekt. Ho har yrkeserfaring frå Norges eksportråd, og som handling coordinator og tillitsvalt i SAS.
Michaelsen var medlem av bystyret og formannskapet i Mandal 1995-2003. Ho var medlem av sentralstyret i Framstegspartiet 1998-2005.
Stortingets presidentskap 2005–09: visesekretær i Lagtinget
Stortingskomitear 2009–: medlem av justiskomiteen 2005–09: medlem av kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen 2005–09: medlem av valkomiteen
Kjelder
Bakgrunnsstoff Stortinget.no - Biografi Framstegspartiet - Biografi
Kategori:Statsrådar i Regjeringa Solberg Kategori:Frp-statsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar frå FrP Kategori:Stortingsrepresentantar for Vest-Agder Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Lokalpolitikarar i Mandal Kategori:FrP-politikarar i Vest-Agder Kategori:Folk frå Mandal