Per Sandberg () er ein norsk politikar frå Framstegspartiet som har vore stortingsrepresentant og minister.

Sandberg var fiskeriminister i regjeringa Solberg frå 16. desember 2015Endringer i regjeringen, pressemelding, Statsministerens kontor, 16. desember 2015. til 13. august 2018.https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/offisielt-fra-statsrad-13.-august-2018/id2608198/ Han hadde også ansvaret for Justis- og beredskapsdepartementet frå 20. mars til 4. april 2018 etter at Sylvi Listhaug gjekk av.

Han var stortingsrepresentant frå 1. oktober 1997 til 30. september 2017. I den første delen av denne perioden var han representant for Nord-Trøndelag, og frå 1. oktober 2005 for Sør-Trøndelag. Han var ikkje kandidat ved stortingsvalet 2017.

Han er transport- og kommunikasjonspolitisk talsmann i FrP og vart den 6. mai 2006 vald til første nestformann i partiet, etter at Siv Jensen tok over som leiar. Sandberg gjekk av som nestleiar 13. august 2018. Han var parlamentarisk nestleiar i partiet frå 1. oktober 2005 til 30. september 2017.

Bakgrunn

Sandberg er frå Levanger i Nord-Trøndelag, der han har sete fleire periodar som kommunestyrerepresentant. Sandberg har yrkesbakgrunn som prosessoperatør i Norske Skog, og er utdanna innan papirproduksjon og prosesstyring. Han har også vore i FN-teneste i Libanon.Stortingsbiografi

I perioden 1990-1992 var han formann i Levanger FrP, og i periodane 1987-1988 og 1991-1995 styremedlem i lokallaget. Han var organisatorisk nestformann i Nord-Trøndelag FrP frå 1992 til 1994, og fylkessekretær frå 1994 til 1995. I 2000 vart Sandberg fast medlem i Framtegpartiets landsstyre og sentralstyre.

Politisk arbeid Samferdsle Sandbergs politiske hovudfokus har vore samferdselspolitikk, og han lova under valkampen før han vart vald inn på Stortinget at hovudsaka hans vil vere «Samferdsel, Samferdsel og Samferdsel». Som samferdselspolitikar har Sandberg mellom anna føreslått å skilje ut løyve til hovudstadsområdet frå Nasjonal transportplan og heller løyve pengar til vegutbygging i Oslo og Akershus direkte over statsbudsjettet. Pengane til vegutbygginga vil han ta frå oljefondet, gjennom løysninga til FrP med eit eige utanlandsbudsjett der alt som ikkje påverkar den norske økonomien direkte blir sett inn. «Portrettet: Per Sandberg, leder for samferdselskomiteen : Vei i vellinga!» i Transportforum nr. 1-2006 (.pdf ) Sandberg har også gått hardt ut mot bompengar, og er motstandar av å bruke bompengar for å finansiere infrastruktur.

Som kommunalpolitisk talsmann i FrP gjekk Sandberg mellom anna inn for å reformere forvaltingsnivåa i Noreg. Han ville erstatte fylkeskommunen med fem til ni nye regionar, og sette mange statlege oppgåver ut til desse«Frp åpner for nye regioner», Bergens Tidende 23.08.2004. Han gjekk også inn for å kutte ned talet på kommunar, og føreslo mellom anna at ein burde redusere Nord-Trøndelag til sju kommunar.

Kritikar av klimaforskinga Sandberg har også engasjert seg i klimadebatten. Han meiner at FNs klimapanel har låg truverde, og at arbeidet deira er prega av ei rekkje feil. Han er også svært kritisk til Al Gore og kallar han ein «bløffmakar», noko han grunngjev med å påstå at det er mange feil i An Inconvenient Truth.

Innvandringsmotstand Sandberg er kritisk til ikkje-vestleg innvandring til Noreg, og vil ha full stopp i all innvandring frå «ikkje-vestlege» land. Han ser på fundamentalistisk islam som eit hovudproblem, og har frykta at veksten i talet på muslimar i Noreg kan føre til sharialover. Sandberg ønskjer også ein kraftig reduksjon i talet på asylsøkjarar til Noreg, og har mellom anna føreslått bruk av elektronisk ID-merke på asylsøkjarar i tillegg å opprette lukka asylmottak. Sandberg har også uttalt at alle overfallsvaldtekter i åra 2006 til og med 2009 vart utøvde av ikkje-vestlege innvandrarar - Faktasjekk.no konkluderte at utsegna var feil. Påstanden viste seg likevel å vere korrekt for Oslo, der statistikken til politiet viste at alle 41 innmeldte overfallsvaldtekter i Oslo frå 2006 til 2009 var utøvde av ikkje-vestlege innvandrarar.

Avgang Den 13. august 2018 kl 15:00 gjekk Sandberg av som fiskeriminister.Offisielt fra statsråd 13. august 2018, regjeringen.no, 13. august 2018Per Sandberg går av som statsråd og Frp-nestleder, nrk.no, 13. august 2018 Same dag, kl 13:19, trekte han seg som første nestformann i Framstegspartiet.Sandberg-saken. Tidslinje, nrk.no, 13. august 2018 Harald Tom Nesvik blei ny fiskeriminister.

Per Sandberg valde sjølv å gå av, og blei gjeven avskjed i nåde. Bakgrunnen for avgangen var at han hadde brote sikkerhetsrutiner under ei vitjing av Iran sammen med den norsk-iranske kjæresten sin Bahareh Letnes i slutten av juli 2018. Iran er eit av tre «høgrisikoland» for Noreg, saman med Russland og Kina. Før denne reisa varsla han ikkje statsministeren om henne, noko han hadde plikt til å gjera. Han tok også med seg jobbtelefonen sin, i strid med instruksane.NTB: PST: – Vi er ikke veldig bekymret for Sandbergs mobiltelefon, nrk.no, 15. august 2018

Stortingskomitear 2009–2013 leiar i Justiskomiteen 2009–2013 medlem i Valkomiteen 2005–2009 leiar i Transport- og kommunikasjonskomiteen 2005–2009 medlem i Valkomiteen 2001–2005 1. nestleiar i Kommunalkomiteen 2001–2005 varamedlem i Den utvida utanrikskomiteen 2001–2005 varamedlem i Valkomiteen 1997–2001 medlem i Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen

Familie og privatliv

Han gifta seg med i 2010. I mai 2018 skreiv media at ekteparet hadde meldt separasjon.

Han flytta frå Senja til Mandal i 2018.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Per Sandberg» frå , den 13. september 2010. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Framstegspartiet - Biografi

Kategori:Norske fiskeriministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Solberg Kategori:Frp-statsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar for Sør-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar for Nord-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar frå FrP Kategori:Norske Skal vi danse-deltakarar