Eva Kristin Hansen () er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Ho har sete på Stortinget for Sør-Trøndelag fylke sidan 2005. Ho vart vald som stortingspresident for det 166. ordentlege Stortinget 9. oktober 2021.
Bakgrunn Hansen har studert ved NTNU og ved kommunalkandidatstudiet ved HiO. Ho har arbeidd i ulike stillingar i Nei til EU, LO, Rissa kommune, Arbeidaranes Ungdomsfylking og Norsk kommuneforbund.
Politisk karriere Frå 2000 til 2002 var ho leiar av Arbeidaranes Ungdomsfylking. På landsmøtet i 2002 tapte ho ei kampvotering mot Gry Larsen med 3 stemmer. Frå 2009 var ho leiar i Sør-Trøndelag Arbeidarparti, etter å ha vore nestleiar frå 2003. Ho var bystyremedlem i Trondheim 2003–2005 og varamedlem til fylkestinget 1995–1999.
Ved stortingsvalet 2005 vart ho vald inn på Stortinget. I 2021 vart ho stortingspresident.
Pendlarbustad Frå 2014 til 2017 oppgav Hansen til Stortingsadministrasjonen at ho var busett i Trondheim. I denne perioden leigde ho hybel i leilegheita til Ap-politikar Trond Giske i Trondheim, medan ho budde fast på Langhus i Ski saman med ektemannen sin. Sidan ho opplyste at ho var busett i Trondheim fekk ho tildelt ein pendlarbustad i Oslo. Det var Adresseavisen som gjorde forholdet kjent for offentlegheita i november 2021.
Den 18. november 2021 opplyste Hansen til NTB at ho trekte seg som stortingspresident, etter at politiet hadde kunngjort at det vart innleidd etterforsking av seks ikkje namngitte stortingsrepresentantar i samband med avdekkinga av dei såkalla «pendlarsakene».
Stortingskomitear 2005–09: medlem i Arbeids- og sosialkomiteen 2009–13: medlem i Utanriks- og forsvarskomiteen 2013–17: medlem i Energi- og miljøkomiteen 2017–21: medlem i Kontroll- og konstitusjonskomiteen 2021–: leiar i Valkomiteen
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Arbeidarpartiet - Biografi
Kategori:Leiarar i AUF Kategori:Stortingsrepresentantar for Sør-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Lokalpolitikarar i Trondheim Kategori:Ap-politikarar i Sør-Trøndelag Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:Stortingspresidentar