Aiden McGready () er ein skotsk fotballspelar, som spelar for Spartak Moskva i den russiske fotballigaen og for det irske fotballandslaget. Besteforeldra hans på farssida kom frå Donegal i Irland. Han er dermed kvalifisert til å spela for det irske fotballandslaget, og valde det framfor Skottland.

McGeady har vore med på å vinna skotsk Premier League tre gonger, i 2006, 2007 og 2008. Han vart kåra til årets spelar og årets unge spelar i Skottland i 2008, og til årets unge irske spelar i 2009. I august 2010 gjorde han den dyraste overgangen nokonsinne frå ein skotsk klubb til ein klubb utanfor Skottland, då han gjekk til Spartak Moskva for om lag 9,5 millionar britiske pund.

McGeady debuterte for Irland sitt A-landslag i juni 2004 i ein kamp mot Jamaica.

Kategori:Skotske fotballspelarar Kategori:Irske fotballspelarar Kategori:Celtic-spelarar Kategori:Spartak Moskva-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2016