Torgeir Eikstad Micaelsen () er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Sidan 11. september 2026 har ho vore digitaliserings- og forvaltningsminister i Støre-regjeringa.

Politisk karriere Han vart vald inn på Stortinget frå Buskerud fylke i 2005 og vald på nytt ved stortingsvalet 2009. Han er utdanna bachelor frå Universitetet i Oslo 1999 og var medlem av Nedre Eiker kommunestyre 1999–2003, leiar av Buskerud AUF 1999–2001, og nestleiar i Buskerud Ap frå 2004 til 2006.

Før Micaelsen vart politikar på heiltid, arbeidde han som lærarvikar 1999–2002 og deretter i underhaldningsbransjen gjennom selskapet Monkeybusiness saman med makker Kristoffer Reinsfeldt Arnesen, også kjent frå NRK P3. I 2004–2005 jobba han som seljar i Norsk Møteforum AS.

Han vart lagt merke til då han i valkampen i 2003 vart slått av FrP-politikaren Martin Schanche for ope kamera ved ein partidebatt ved ein vidaregåande skule i Buskerud. Dette hende etter at Micaelsen og fleire andre i panelet hadde ropt til Schanche om at han var feig som trekte seg frå debatten før denne var ferdig.

Stortingskomitear 2013–2017: varamedlem i valkomiteen 2013–2017: andre nestleiar i helse- og omsorgskomiteen 2013–2013: medlem i helse- og omsorgskomiteen 2009–2013: leiar av finanskomiteen 2005–2009: medlem i finanskomiteen 2005–2009: medlem i valkomiteen

Kjelder

Bakgrunnsstoff

torgeirmicaelsen.no - blogg Klipp frå den omstridde debatten - YouTube

Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Buskerud Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Lokalpolitikarar i Nedre Eiker Kategori:Ap-politikarar i Buskerud Kategori:Folk frå Nedre Eiker Kategori:Folk frå Bergen