Irene Johansen () er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho vart vald inn på Stortinget frå Østfold fylke i 2005, og sat på tinget til 2017.
Johansen har utdanning frå mellom anna Norges kommunal- og sosialhøgskole, kommunallinja 1982–1985 og mellomleiarprogrammet i staten 2001–2002. Johansen har også arbeidd som førstesekretær ved rådmannskontoret i Seljord kommune i 1985–1986. Ho var i personalavdelinga, Norges allmennvitskapelege forskingsråd i åra 1986–1994. Frå 1996 til 2003 var Johansen personalsjef i Jernbaneverket.
Johansen har vire nestleiar i den norske avdelinga for Europabevegelsen, ein organisasjon som arbeider for norsk medlemskap i EU.Styret Europabevegelsen
Stortingskomitear 2005–09: medlem i transport- og kommunikasjonskomiteen 2005–09: medlem i valkomiteen 2009–12: medlem i finanskomiteen 2012–13: medlem i Energi- og miljøkomiteen 2013–17: medlem i Finanskomiteen
Kjelder
Bakgrunnsstoff Stortinget.no - Biografi
Kategori:Folk frå Nord-Aurdal Kategori:Stortingsrepresentantar for Østfold Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017