Kylling bru er den nest største brua på Raumabanen, jernbanen mellom Dombås og Åndalsnes, etter Jora bru. Brua ligg ved garden Kylling på Verma i Romsdalen, og krysser elva Rauma. Ho er mellom dei mest kjende norske jernbanebruene.
Brua er ei 76 meter lang steinkvelvbru som er bygd i stein frå fjellet like ved. Steinen som er brukt er ein granitt som vert kalla gruogranitt. Høgda over dalbotnen (elva) er 59 meter. Hovudspennet er 42 meter, sidespenna ti og åtte meter.Tal frå informasjonstavla ved utkikksplassen. Brua er bygd i ein boge og ligg i ei stor kurve (sving) på jernbanen.
mini|venstre|portrett|Kylling bru sett frå utkikksplassen mini|Kylling bru mini|Kylling bru og tunnelsystemet ved Verma. For å overvinne høgde-skilnaden, går jarnbanen i slyng i dalsidene. Det høgaste nivået er der lina er merka «frå Dombås» oppe til høgre. Den eine svingen i denne slyngen ligg i ein tunnel på austsida av elva. Kylling bru inngår i den andre svingen, som byrjar i ein tunnel på austsida av elva og held fram på vestsida.
Historie Byggeperioden Byggeperioden varte i ni år, frå 1913 til 1923.
Det vart bygd eit stort stillas av tiløksa tømmer som måtte tole vekta av bruspennet. Steinen vart tatt ut av Kylling tunnel som munnar ut ved brua, og måtte vere av god kvalitet for å tole trykket og lasta av jernbanen. Kvar stein måtte tilpassast brukonstruksjonen. Brua er sjølvberande.
Andre verdskrigen Under andre verdskrigen vart brua underminert av tyskarane. Ho var klar til å sprengast om naudsynt, men vart spart.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Søvik, Per Jarle, 1990. Ei bok om Rauma (kapittel 4). Åndalsnes, Rauma kommune, s. 189-190.
Kategori:Bogebruer Kategori:Jarnbanebruer i Noreg Kategori:Raumabanen Kategori:Jarnbane i Møre og Romsdal Kategori:Bruer i Møre og Romsdal Kategori:Samferdsle i Rauma Kategori:Byggverk i Rauma Kategori:Bruer opna i 1923 Kategori:1923 i Noreg