Schizofreni (frå gresk schizo, ‘splitta’ og phrenos, ‘sinn’) er ein alvorleg psykiatrisk sjukdom som ofte debuterer i ung vaksen alder. Utviklinga kan vera kronisk, men delvis eller fullstendig betring er også mogleg. Trass i etymologien, har sjukdommen til vanleg ikkje noko med spalta person å gjera. Symptoma dreiar seg om vrangførestillingar, hallusinasjonar og at ein vert tilbakedregen. Årsakene til schizofreni er det lite vit om, men det er kartlagt ei rekkje faktorar som verker å vera assosiert med sjukdommen. Behandlinga er kompleks, og inga sikker kurativ behandling er etablert.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Psykose Kategori:Psykiatri Kategori:Ord av gresk opphav