Marianne Marthinsen () er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho vart vald inn på Stortinget frå Oslo i 2005 og attvald ved stortingsvalet 2009, 2013 og 2017. Ho var medlem av energi- og miljøkomiteen og Stortingets finanskomité.
Martinsen er samfunnsøkonom utdanna ved Universitetet i Oslo og har arbeidsbakgrunn som pleiarassistent og journalist i Romerikes Blad og NRK. Ho var journalist i Romerikes Blad 1996-1997, internasjonal rådgivar i Arbeidaranes Ungdomsfylking 2002-2003 og redaksjonsassistent i NRK Nyheter 2003-2005.
Marianne Marthinsen har tidlegare vore leiar av Grorud AUF, styremedlem i Attac i Noreg og nestleiar i AUF i Oslo, i tillegg til varamedlem av landsstyre til AUF (2000-2001). Frå 2005 er ho leiar av Den Socialdemokratiske Forening, som vart starta av Christian Holtermann Knudsen i 1886.
Familie Marthinsen er gift med Ståle Østhus.
Stortingskomitear 2005–09: medlem av Energi- og miljøkomiteen 2009–12: medlem av Energi- og miljøkomiteen 2013–14: medlem av Finanskomiteen 2014–17: første nestleiar i Finanskomiteen
Bakgrunnsstoff Marianne Marthinsen - blogg hos blogspot.com. Stortinget - Biografi
Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Folk frå Jevnaker