Erling Sandene () i Bærum var ein norsk jurist, cand. jur. 1943. Han var høgsterettsjustitiarius i perioden 1984–1991, og var høgsterettsdommar sidan 1972. Før det var han fylkesmann i Møre og Romsdal frå 1966 til 1972. Frå 1974 til 1982 hadde han permisjon frå Høgsterett for å vere Sivilombodsmann.

Han har skrive tredje utgåve av Ragnar Knoph si Norsk arverett (1959) og ei kommentarutgåve til oreigningsloven (1962, 1990). Sandene leia utvalet som la fram forslag til ny viltlov i NOU 1974:21 Viltstellet, jakt og fangst.

Sandene blei utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden i 1978.

Kategori:Fylkesmenn i Møre og Romsdal Kategori:Folk frå Bærum Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Sivilombodsmenn Kategori:Norske høgsterettsjustitiariusar