Innfjordtunnelen er ein 6594 meter lang vegtunnel på E 136, i Rauma kommune i Møre og Romsdal. Tunnelen vart opna i 1991, og går frå Gridset ved Innfjorden til Veblungsnes for å erstatte eit rasfarleg stykke av vegen langsmed Romsdalsfjorden mellom Veblungsnes og Innfjorden. Denne strekninga vart permanent stengd etter eit steinskred i 1989 som tok eitt menneskeliv. Frå raset gjekk og fram til tunnelen vart opna, gjekk trafikken med ferje på ei stutt strekning.

Som med fleire andre tunnelar i Noreg er Innfjordtunnelen delvis plaga med kondens. Kondensen kan føre til farlege situasjonar fordi bilrutene plutseleg doggar når ein køyrer inn i tunnelen. ,

Sjå òg Runehamartunnelen Måndalstunnelen Vegtunnelar i Noreg Undersjøiske vegtunnelar i Noreg

Kjelder

Kategori:Tunnelar i Møre og Romsdal Kategori:Vegar i Rauma Kategori:Tunnelar opna i 1991