mini|Richat-strukturen i Sahara i Afrika Ein dome eller ein dom er ei avlang eller kuppelforma kvelving som til dømes oppstår i vulkanske massar eller folda bergartslag. Laga i ein dome buler oppover i midten, og om toppen av domen har erodert bort, vil ein få ei rekkje konsentriske lag som vert gradvis eldre innover mot dei eldste bergartane i midten. Mange geologiske domar er for store til at ein kan studere dei frå overflata, og kjem berre til syne på kart.

Under leiting etter petroleum undersøker ein gjerne domestrukturane i sedimentære bergartar, fordi det er høve for at olje eller naturgass kan ha samla seg under eit tettande lag. I Ekofiskområdet er fleire av førekomstane knytte til domar som ligg oppå saltdiapirar.

Sjå òg

Antiklinal Bekken Granittdom Petroleumsreservoar Saltdom

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dome (geology)» frå , den 25. september 2010.

Kategori:Strukturgeologi Kategori:Geologiske domar