Trolltinden er eit fjell i Vestnes kommune i Møre og Romsdal. Det har ei høgd på meter over havet. Fjellet ruvar over nordsida av Skorgedalen, og dannar ein karakteristisk dobbelttopp saman med den austlege grannen Ytstetinden. På andre sida av desse toppane ligg Tomrefjorden. Det er lettast å nå Brustinden opp vestryggen, som ein kan nå både frå Skorgedalen og frå Tomrefjorden.
Fjellet vert nokon gonger feilaktig kalla Brustinden, som eigenleg er namnet på fjellryggen sør og austom Remmemstinden (Stortinden), rundt 2,5 kilometer austom Trolltinden.
Bilete
Kjelder Trolltinden på Norgeskart.no frå Statens kartverk
Kategori:Geografi i Vestnes Kategori:Fjell i Romsdal