Fylkesveg 5928 (tidlegare fylkesveg 92 i Møre og Romsdal) går mellom Sylte og Tafjord i Norddal kommune. Vegen er 14,1 km lang.Statens vegvesen, Møre og Romsdal: Vegliste 1990. Fylkesvegar og kommunale vegar i Møre og Romsdal. Vegstrekninga frå Fjøra kai til Tafjord, kalla "Tafjordvegen", vart offisielt opna 1.juli 1982 etter at bygginga byrja hausten 1979.Storfjordnytt http://www.storfjordnytt.no/nyhende07/32-tafjordveg.html lese på nett 13.1.2013Storfjordnytt 26.november 1999. Vegebana på Tafjordvegen er 6 m brei, med unntak av Muldal bru som er 4 m. Samla byggjekostnad for Tafjordvegen (10,9 km) var i 1982 rekna til 77 millionar kroner, av dette dekte Tafjord kraftselskap 35,6 millionar kroner, Olje- og industridepartementet 21,4 millionar, fylkeskommunen 14,3 millionar og kommunen 5,7 millionar.Statens Vegvesen, Møre og Romsdal: "Tafjordvegen", udatert hefte utgjeve ved opninga.
Vegen fylgjer Tafjorden mellom Sylte og staden Tafjord. Heggurtunnelen var den lengste tunnelen på ein fylkesveg i Noreg til reforma i 2010 då ei rad riksvegar vart overført frå staten til fylka.
Kommunar og knutepunkt
Sylte Fjøretunnelen (1161 m) frå Fjøra kai til Sjølbøskor (3,7 km) Nerhus bru (3 m) Heggurtunnelen (5277 m) Muldal bru (20 m) Skjegghammartunnelen (662 m) Endepunkt Tafjord
Kjelder
Bakgrunnsstoff
5928 Kategori:Vegar i Fjord