The Bootleg Series Vol. 8 – Tell Tale Signs: Rare and Unreleased 1989–2006 er eit samlealbum av Bob Dylan gjeven ut på Legacy Records i 2008. Det var den sjette utgjevinga i Bob Dylan Bootleg Series og kom opphavleg ut på ein dobbel-CD eller ei avgrensa tredobbel vinylplate, i tillegg til ei utvida CD-utgåve med tre plater. Denne sistnemnde utgåva av Tell Tale Signs inneheld ei 56 siders bok med merknader om innspelingane av Larry Sloman, ei bok med bilete, The Collected Single Sleeves of Bob Dylan henta frå Dylan-utgjevingar verda over, i tillegg til ein 7"-vinylsingel med to spor frå samlinga: «Dreamin' of You» og «Ring Them Bells».
Bakgrunn Albumet omfattar innspelingane frå Oh Mercy, World Gone Wrong, Time Out of Mind og Modern Times, i tillegg til fleire songar for filmmusikk og tidlegare konsertopptak frå 1989 og fram til 2006. Samlinga inneheld òg ein song frå eit skrinlagd album Dylan hadde byrja på med David Bromberg i 1992, og Dylan sin duett med Ralph Stanley, «The Lonesome River».
Sjølv om Under the Red Sky, Good as I Been to You og Love and Theft alle vart spelte inn på denne tida, er det ingen songar frå innspelinga av desse på Tell Tale Signs. Ein alternativ versjon av «Series of Dreams» var òg med på Vol. 3 av Bootleg Series. «Dreamin' of You», eit unytta spor frå Time Out of Mind-innspelingane, vart tilbydd som gratis nedlasting frå heimesida til Bob Dylan og vart òg send til radiostasjonar som ein promosingel.
I den første veka av oktober 2008 vart heile albumet gjort tilgjengeleg for gratis strøyming på den offisielle nettsida til National Public Radio.NPR.com article: Exclusive Preview: Bob Dylan's 'Tell Tale Signs'.
Mottaking Albumet debuterte på sjetteplassen på Billboard-lista og selde over 600 000 eksemplar fram til 2010. Dette vart det 17. albumet til Dylan som nådde Topp 10 i USA. I Noreg nådde albumet fjerdeplassen. Albumet har fått ein poengsum på 86% på MetaCritic. Det vart òg kåra til det nest beste albumet i 2008 av Rolling Stone.Best Albums of 08 .
Innhald Alle songar er skrivne av Bob Dylan, utanom der andre er nemnde.
Luksusutgåva Den offisielle nettsida til Dylan tilbaud ei luksusutgåve av albumet, inkludert ei 150-siders bok og ei bonusplate. Fans som førehandstinga luksussamlinga direkte frå nettsida fekk òg ein eksklusiv 7"-vinylsingel. Dei første 5000 bestillingane fekk òg ein plakat frå Theme Time Radio Hour poster. The Bootleg Series Vol. 8 vart òg gjeven ut på vinyl med fire 180-gramsplater, i tillegg til digital nedlasting og ein 12" x 12" versjon av ei bok skriven av Sloman.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Bootleg Series Vol. 8: Tell Tale Signs» frå , den 7. oktober 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Samlealbum frå 2008 Kategori:Album produserte av Bob Dylan Kategori:Album produserte av Daniel Lanois Kategori:Album spelte inn i Electric Lady Studios Kategori:Columbia Records-album