Sjur Torleifsson Næss () var ein norsk handelsmann og gardbrukar frå Nes i Luster.
Far hans var gardbrukar på Nes. Sjølv tok han eksamen til underoffiser i Bergen i 1873, og var underoffiser fram til 1883. Åra 1877 til -93 var han handelsmann på Dalsøyra i Luster. Han overtok farsgarden i 1893 og dreiv han sidan. Næss var medlem av heradsstyret i Luster 1882-1925, ordførar 1898-1901 og 1904-10. Han var formann i skulestyret i fem år og forlikskommissær 1897-1915. Perioden 1904-12 representerte han Luster i fylkesskulestyret.
Næss representerte 1900-03 Nordre Bergenhus amt på Stortinget og 1906-21 var han stortingsrepresentant for einmannskrinsen Indre Sogn. I alle periodane representerte han Venstre. Han var medlem 1900-03 av militærkomiteen og 1906-09 konstitusjonskomiteen. Tida 1910-21 var han medlem i landbrukskomiteen, sekretær 1913-15 og nestformann 1916-21. Elles var han medlem av Lagtinget frå 1906 og av valkomiteen 1913-21.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Stortingsrepresentantar 1916-1918 Kategori:Stortingsrepresentantar 1919-1921 Kategori:Stortingsrepresentantar for Sogn og Fjordane Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Ordførarar i Luster Kategori:Folk frå Luster