Namsosbanen er ei jernbanestrekning som går frå Grong til Namsos i Trøndelag. Strekninga er 52 km lang og er eit sidespor til Nordlandsbanen. Banen vart opna 1. november 1933. Persontrafikken vart lagd ned i 1978. Godstrafikken til Namsos vart nedlagd i 1999, men heldt fram med korntog mellom Grong og Skogmo til 2005.

I dag kan turistar låne dresin på campingplassen i Namsos for å sykle strekninga Namsos-Skage. Jernbaneverket estimerte i 2009 at ei opprustning av Namsosbanen vil koste mellom 150 og 250 millioner kroner. Namsosbanen er offisielt ikkje nedlagt. 14. oktober 2010 vart Grong stasjon fjernstyrt og Namsosbanen er signalteknisk ikkje lenger ein del av stasjonen. Banen vart då eit sidespor til Grong. I 2021 blei banen tatt ut av det nasjonale jernbanenettet.

Strekning Kilometrering refererer til Trondheim

Fotnotar

Kategori:Norske jarnbanar Kategori:Samferdsle i Namsos Kategori:Skipingar i 1933