«5D (Fifth Dimension)» er ein song av det amerikanske rockebandet The Byrds, skriven av bandmedlemmet Jim McGuinn. Han vart gjeven ut på singel 13. juni 1966 og nådde 44. plass på den amerikanske singellista, men kom ikkje ein gong inn på den britiske. Songen vart òg gjeven ut som opningsspor på det tredje albumet deira, Fifth Dimension, som kom ut 18. juli 1966. «5D (Fifth Dimension)» kom ut etter den viktige singelen «Eight Miles High» single og tok den psykedeliske eksperimenteringa deira eit steg vidare.

I følgje McGuinn var teksten eit forsøk på forklare relativitetsteorien til Einstein og var direkte inspirert av boka 1-2-3-4, More, More, More, More av Don Landis. Den abstrakte songteksten vart av mange tilhengjarar tolka som ei LSD-tripp, noko McGuinn nekta på det sterkaste. På grunn av desse skuldingane vart songen bannlyst frå somme radiostasjonar i USA.

Innspelinga av songen vart gjort 24. og 25. mai 1966 med Allen Stanton som produsent. På songen finn ein Bach-aktig orgel og elektrisk piano, spelt av Van Dyke Parks. «5D (Fifth Dimension)» var ein av favorittane til The Byrds-bassisten Chris Hillman, som skildra han som «ein av dei flottaste songane McGuinn nokon gong har skrive.»

Kjelder Denne artikkelen bygger på «5D (Fifth Dimension)» frå , den 17. oktober 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Singlar frå 1966 Kategori:Songar frå 1966 Kategori:The Byrds-songar Kategori:Psykedeliske rockesongar Kategori:Songar skrivne av Roger McGuinn Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:The Flamin' Groovies-songar