The Notorious Byrd Brothers er det femte albumet til det amerikanske rockebandet The Byrds og vart gjeve ut i januar 1968 på Columbia Records. Musikalsk er albumet toppen av den psykedeliske perioden til bandet, der dei blanda folkrock, psykedelisk rock, country, elektronisk musikk, barokkpop og jazz. Av desse forskjellige stilane var det dei små hinta om country som fullstendig skulle prege det neste albumet deira. Med produsenten Gary Usher vart det nytta mykje studioeffektar og nye produksjonsteknikkar, som phasing, flanging og panorering. The Byrds innførte òg pedalsteelgitar og Moog-synthesizer i musikken sin for første gong. Dette var eit av dei første albuma der ein finn ein Moog.

Innspelinga av albumet fann stad andre halvdel av 1967 og vart prega av krangling mellom bandmedlemmene. Rytmegitarist David Crosby fekk sparken i oktober 1967 og trommeslagar Michael Clarke forlet bandet midtvegs i innspelinga. Clarke kom attende ei kort stund før han til slutt fekk sparken etter plata var ferdig. I tillegg kom den originale bandmedlemmen Gene Clark, som hadde forlate bandet tidleg i 1966, attende i tre veker under innspelinga, før han forlet bandet igjen. Forfattar Ric Menck skreiv at sjølv om ein hadde desse endringane i bandet og konfliktane under innspelinga, så var The Notorious Byrd Brothers eit av dei best samansette og overjordisk-aktige albuma til bandet.

Då det kom ut nådde albumet 47. plass på Billboard Top LPs-lista i USa og 12. plassen på den britiske UK Album Chart. Ein coverversjon av Gerry Goffin- og Carole King-songen, «Goin' Back» vart gjeven ut som singel i oktober 1967 og gjorde det forholdsvis bra. Sjølv om The Notorious Byrd Brothers var kritikarrost då det kom ut, selde det berre moderat, særleg i USA. Albumet vert i dag rekna som eit av dei beste Byrds-albuma, samt deira mest eksperimentelle og progressive.

Bakgrunn Innsplinga av The Notorious Byrd Brothers, siste halvdelen av 1967, vart prega av krangling og bitterheit. The Byrds byrja innspelingane som eit firemannsband som bestod av Roger McGuinn, David Crosby, Chris Hillman og Michael Clarke — den same besetninga som hadde spelt inn dei to førre albuma deira. Då albumet kom ut var det berre McGuinn og Hillman som var att i gruppa. Den første endringa kom då trommeslagaren Michael Clarke slutta etter krangling med Crosby og dei andre medlemmane i gruppa over dugleiken hans og at han var misnøgd med materialet dei tre låtskrivarane kom med. Han vart mellombels erstatta av studiomusikarane Jim Gordon og Hal Blaine.

David Crosby fekk så sparken av McGuinn og Hillman og vart erstatta av den tidlegare Byrds-medlemmen, Gene Clark, som var attende i berre tre veker før han drog igjen. Før Gene Clark kom attende, hadde òg Michael Clarke kom attende, berre for å bli informert av McGuinn og Hillman om at han kom til å bli erstatta så snart albumet var ferdig innspelt. Med så mange endringar i bandet, måtte McGuinn og Hillman ha hjelp av andre musikarar for å fullføre albumet. Blant desse var Clarence White, som òg hadde spelt på det førre albumet deira. Bidraga hans til dette albumet, Younger Than Yesterday og Sweetheart of the Rodeo, i tillegg til at han var ven av Hillman, førte til at han til slutt vart fulltidsmedlem av bandet.

Sparkinga av David Crosby mini|David Crosby fekk sparken frå The Byrds midtvegs gjennom innspelinga av albumet. David Crosby fekk sparken av McGuinn og Hillman i oktober 1967 etter all kranglinga, som mellom anna oppstod då Crosby var misnøgd med at bandet ønskte å spele inn Goffin–King-songen «Goin' Back». Crosby meinte at innspelinga av songen var eit steg attende kunstnarisk, særleg når bandet no hadde tre aktive låtskrivarar. Ein annan faktor til at Crosby fekk sparken var den kontroversielle songen hans «Triad», ein vågal komposisjon om ein seksuell trekant som konkurrerte med «Goin' Back» om å få plass på albumet. Han gav til slutt songen til Jefferson Airplane, som gav ut songen i 1968 på albumet Crown of Creation. Sjølv om The Byrds spelte inn «Triad», førte det dristige temaet til at McGuinn og Hillman ikkje ønskte å ha med songen på albumet. Innspelinga deira kom ut i 1987 på samlealbumet Never Before, og sidan som bonusspor på The Notorious Byrd Brothers i 1997.

Crosby irriterte òg dei andre medlemmane i The Byrds under konserten deira på Monterey Pop Festival då han heldt lange talar mellom songane om kontroversielle tema, som drapet på John F. Kennedy og fordelane med å gje LSD til «alle statsmenn og politikarar i verda.» Han irriterte vidare bandkollegaene på Montery då han spelte med den rivaliserande gruppa Buffalo Springfield, der han vikarierte for Neil Young.

Aksjane hans i bandet fall ytterlegare då songen hans «Lady Friend» vart gjeven ut som A-sida til ein Byrds-singel i juli 1967, men selde dårleg. Dropen i begeret til McGuinn og Hillman kom då Crosby ikkje møtte opp på fleire av innspelingane for The Notorious Byrd Brothers, og Crosby var etter kort stund ute av bandet, med ein fin avgangspakke og tid til å arbeide tettare med den nye musikalske partnaren sin, Stephen Stills. Det har blitt føreslått at hesten på plateomslaget skulle representere Crosby, men dette er blitt avvist av både McGuinn og Hillman.

Crosby ergra seg stort over at McGuinn og Hillman omarbeidde den uferdige songen hans «Draft Morning» etter han var ute og tok han med på det endelege albumet, og i tillegg førte seg sjølv opp som låtskrivarar i lag med Crosby i prosessen. Crosby deltok på kring halve The Notorious Byrd Brothers og er med på tre av sine eigne songar, i tillegg til «Change Is Now» og «Old John Robertson». Crosby er òg med på fleire av bonusspora på 1997-utgåva, inkludert «Triad», «Universal Mind Decoder» og ein tidleg versjon av «Goin' Back».

Gene Clark vender attende Etter Crosby slutta vart Gene Clark spurt om han ville kome attende til bandet. Clark hadde opphavleg slutta i The Byrds tidleg i 1966 på grunn av flyskrekken sin og hans tendens mot angst og paranoia. Debutplata hans som soloartist (samprodusert av den dåverande Byrdsprodusenten Gary Usher, med både Clarke og Hillman som musikarar) hadde vore ein kritikarsuksess, men selde dårleg, og Clark var fortida utan planar. Gene Clark kom med i The Byrds i oktober 1967 for tre veker, der han og bandet spelte på fjernsynsprogrammet The Smothers Brothers Comedy Hour og mima til «Goin' Back» og «Mr. Spaceman». The Byrds spelte òg fleire konsertar med Clark på ein turné i Midtvesten. Etter den siste konserten deira på turneen, vart flyskrekken til Clark eit problem igjen og det hindra han for å fly til New York med bandkollegaene. Som følgje av dette slutta han i bandet igjen kort tid etter.

Det er omdiskutert blant biografiforfattarar og historikarar kor involvert Clark var i innspelinga av The Notorious Byrd Brothers. Clark sjølv hevda i eit intervju i 1988 at han var med på innspelinga av «Goin' Back» og somme andre songar på den tida, men spesifiserte ikkje kva bidrag det var snakk om. Det er òg studiodokumentasjon og augevitner som indikerer at Clark medverka som korvokalist på «Goin' Back» og «Space Odyssey». The Byrds-gitaristen Roger McGuinn hugsa ikkje om Clark medverka på albumet eller ikkje, men innrømde at det var mogeleg. McGuinn har derimot sagt at han skreiv songen «Get to You» med Clark, og at det som står på plateomslaget er feil: det burde sagt McGuinn/Clark, og ikkje McGuinn/Hillman.

Musikk Produksjon Trass i den trøblete starten inneheld albumet noko av den mest vare og eterisk musikken deira, i tillegg til somme av den mest progressive og eksperimentelle. I eit intervju i 2002 sa McGuinn at det var «på eit vis Beatles-inpirert» og siterte albumet deira Revolver som ei inspirasjonskjelde. Available at Rock's Backpages (krev brukar). Tekstane er eit forsøk på å takle tema i samtida som fred, økologi, fridom, dopbruk, framandgjering og kvar mennesket er i universet. Heile albumet representerte høgdepunktet til låtskrivarpartnarskapen til McGuinn–Crosby–Hillman, og tok den musikalske eksperimenteringa til det originale Byrds til det mest ekstreme der dei blanda folkrock, country, psykedelia og jazz, ofte innafor ein enkel song. Bandet og produsenten Gary Usher brukte og fleire nyskapande produksjonsteknikkar i studio for albumet, særleg kraftig bruk av phasing, lydpanorering og roterande høgtalareffektar.

mini|Moog modular-synthesizer liknande den som vart nytta under innspelinga av The Notorious Byrd Brothers. Bandet eksperimenterte òg med ein Moog modular-synthesizer på fleire av spora, og The Notorious Byrd Brothers vart derfor eit av dei aller første rockealbuma med dette instrumentet. McGuinn hadde først oppdaga Moog-instrumentet under Monterey Pop Festival, der instrumentskaparen Robert Moog hadde sett opp ein bod for å demonstrere instrumentet for musikarane som spelte på festivalen. Sidan McGuinn var ein slags elektronikkekspert, var McGuinn ivrig etter å eksperimentere med synthesizeren i platestudio. Hillman delte visstnok ikkje denne entusiasmen for instrumentet. Sjølv om McGuinn og Usher spelte Moog-partia på songen «Space Odyssey» sjølve, let dei studiomusikaren Paul Beaver spele instrumentet på resten av albumet.

Det var òg første gongen Byrds brukte pedalsteelgitar, spelt av Red Rhodes, på ei innspeling. Med pedalsteel og med Clarence White sin countryaktige måte å spele gitar på bana dette veg for countryrockretninga bandet utforska meir på det neste albumet Sweetheart of the Rodeo.

Songane Det vart nytta ei blåserekkje på opningssporet på albumet, «Artificial Energy», og er slik sett stilmessig liknande «Lady Friend» og «So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star», to tidlegare Byrds-songar med blåsarar. Songen omhandlar den mørke sida av amfetaminbruk og det var Chris Hillman som først føreslo at dei skulle «skrive ein song om speed». Tittelen vart føreslått av trommeslagaren Michael Clarke, og bidraga hans var nok til at han fekk ein sjeldan låtskrivarkredit. Sjølv om teksten i starten verkar å framheve fordelane med amfetamin, vert soga mørkare i siste verset, då det vert klart at misbrukaren har hamna i fengsel for å ha teke livet av ein homoseksuell mann: «I'm coming down off amphetamine/And I'm in jail 'cause I killed a queen.» Sjølv om pressa hadde skulda Byrds for å skrive songar om dopbruk tidlegare, særleg med «Eight Miles High» og «5D (Fifth Dimension)», vart denne songen, som utan tvil omhandlar dopmisbruk, stort sett ignorert av musikkpressa.

«Artificial Energy» vert følgd opp av den gripande og nostalgiske Goffin–King-songen «Goin' Back». Med ein klirrande 12-strengs Rickenbackergitar og polerte harmonisong, har biografiforfattaren Johnny Rogan skildra songen som ein skarp kontrast til negativiteten og valden i opningssporet. Teksten i songen skildrar eit forsøk frå songaren på å avvise kynismen som kjem når ein er vaksen til fordel for uskulda ein har som barn. Tematisk følgjer tittelen på det førre albumet til The Byrds, Younger Than Yesterday, og pedalsteelgitaren til Red Rhodes gjev songen ein liten smak av country.

Ein annan Goffin–King-song, «Wasn't Born to Follow», syner òg påverknad frå country, men filtrert gjennom tendensen bandet hadde til psykedelisk rock og garasjerock. Countryretninga til songen vert understreka av den musikalske dialogen mellom den elektriske gitaren og pedalsteelgitaren. Landsbygdstemninga vert ytterlegare forsterka av teksten som omhandlar trongen til å stikke av og bestemme sjølv, noko som passa godt in med hippie-etosen på den tida.