Johan Wiland () er ein svensk fotballspelar som har spela som keeper for FC København i den danske fotballigaen. Han har òg landskampar for Sverige.
Wiland kom til den svenske toppserieklubben Elfsborg som 16-åring i 1997. Han vart i klubben i 11 år, fram til 2008-sesongen, og vart seriemeister i Sverige med Elfsborg i 2006. 1. januar 2009 gjekk han til den danske toppklubben FC København og vart seriemeister med dei i 2009 og 2010.
Wiland debuterte for Sverige sitt A-landslag i januar 2007 under ein landslagsturné til Sør-Amerika. Han var med i Sverige sin tropp til fotball-EM i 2008 som reservekeeper, men fekk ikkje spela nokon kampar i meisterskapen.
Kategori:Svenske fotballspelarar Kategori:Elfsborg-spelarar Kategori:FC København-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2008 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012