Farther Along er det 11. albumet til det amerikanske rockebandet The Byrds og kom ut i november 1971 på Columbia Records. Albumet vart hovudsakleg spelt inn og produsert av bandet sjølv i London i England i løpet av fem intensive dagar i juli 1971. Det kom raskt ut som ein reaksjon på det kommersielt mislukka Byrdmaniax, som kom ut før, og var eit forsøk på å gjenvinne respekten i musikkpressa. På Byrdmaniax hadde produsent Terry Melcher på eige initiativ lagt på strykarar og blåsarar, utan samtykke frå bandet, og dette høvde seg ikkje i følgje dei fleste kritikarane. Farther Along er derfor eit slags svar frå bandet på det overproduksjonen til Melcher, samt eit forsøk på å vise at dei kunne produsere eit album som var betre enn Byrdmaniax på eiga hand. Sidan albumet vart planlagt og spelt inn i all hast, vart Farther Along nok eit ujamt album, som bandet sjølv ikkje var nøgd med. Dei klarte derfor ikkje å snu den dårlege trenden etter Byrdmaniax.
Då albumet kom ut nådde det berre 152. plassen på den amerikanske albumlista, og gjekk ikkje inn på listene i Storbritannia i det heile. Ein singel frå albumet, «America's Great National Pastime», kom ut 29. november 1971, men gjekk ikkje inn på listene. Farther Along, i lag med Dr. Byrds & Mr. Hyde, er dei to albuma som har lege kortast tid på den amerikanske albumlista av alle Byrds-albuma.
Innhald
Medverkande The Byrds Roger McGuinn - gitar, vokal Clarence White - gitar, mandolin, vokal Skip Battin - elektrisk bass, piano, vokal Gene Parsons - trommer, gitar, munnspel, pedalsteelgitar, banjo, vokal
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Farther Along» frå , den 19. oktober 2010. oppgav desse kjeldene: Rogan, Johnny, The Byrds: Timeless Flight Revisited, Rogan House, 1998, ISBN 0-95295-401-X Hjort, Christopher, So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965–1973), Jawbone Press, 2008, ISBN 1-90600-215-0.
Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:The Byrds-album Kategori:Columbia Records-album Kategori:Legacy Recordings-album Kategori:Album produserte av Roger McGuinn Kategori:Album produserte av Clarence White Kategori:Album produserte av Gene Parsons Kategori:Album produserte av Skip Battin