Symfoni nr. 4 i D-dur av Joseph Haydn, Hoboken I/4, trur ein vart skriven mellom 1757 og 1761.

Han er instrumentert for 2 oboar, fagott, 2 valthorn, strykarar og continuo.H. C. Robbins Landon, The Symphonies of Joseph Haydn. London: Universal Edition & Rockliff (1955): 618. "2 ob., (fag.), 2 cor., str., [ cemb. ]" Som vanleg for perioden, er han i tre satsar:

Presto, 4/4 Andante i D-moll, 2/4 Tempo di Menuetto, 3/8

Den andre satsen har ein synkopert del for andrefiolin.HC Robbins Landon, Haydn: Chronicle og Works, 5 vol, (Bloomington og London: Indiana University Press, 1976-) v. 1, Haydn: the Early Years, 1732-1765 Den vandrande åttandedelsnoten for andrefiolinane er forskyvd eit halvt steg (ein sekstandenote) frå førstefiolinane som spelar over han.Hodgson, Antony, "The Music of Joseph Haydn: The Symphonies", s. 47-48

Finalen er markert som Tempo di Menuetto, men er ikkje i 3/4-takten til ein menuett, men i 3/8 som er typisk for dei tidlege symfoniske finalane til Haydn. I motsetnad til andre menuettar, manglar satsen ein sentral triodel.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Symphony No. 4 (Haydn)» frå , den 20. oktober 2010. oppgav desse kjeldene:

Symfoni 004