thumb|right| Oslo- og Akershushøgskolenes studentsamskipnad (OAS) var ein av landets studentsamskipnader og ein av to i Oslo. OAS vart etablert i 1989. Verksemda var bestemt gjennom Lov om studentsamskipnader. OAS åtte, dreiv og tilbaud m.a. studentbustader, barnehageplassar, kantiner, bokhandel, helsestasjon og andre servicefunksjonar for studentane. OAS dekka velferdsbehova til vel 18 500 studentar ved 16 utdanningsinstitusjonar i Oslo og Akershus.
I desember 2009 vedtok styret i OAS å fusjonere med Studentsamskipnaden i Oslo (SiO), denne avgjerda vart tatt etter ein lengre utgreiingsprosess og eit tilsvarande styrevedtak i SiO. Studentsamskipnadene var effektivt slegne saman og erstatta av den nye Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus i 2011.
Tilslutta institusjonar Barrat Due Musikkinstitutt Den norske balletthøyskole Den norske Eurytmihøyskolen Norges informasjonsteknologiske høgskole Høgskolen i Akershus Høgskolen i Oslo Høgskolen i Staffeldtsgate Lovisenberg diakonale høgskole Høyskolen Diakonova Politihøgskolen Rudolf Steinerhøyskolen Markedshøyskolen Norsk Gestaltinistitutt Folkeuniversitetet i Asker Folkeuniversitetet i Bærum Folkeuniversitetet i Follo
Studentstyrt Det er studentane som har mest å seie for styringa av studentsamskipnadane. Studentane har fleirtall i samskipnadanes øvste styre, som m.a. fastsett semesteravgifta og kva for tilbod samskipnaden skal ha til sine studentar. Studentrepresentantane i styret veljast av studentdemokratiet ved lærestadane. I tillegg består styret av representantar frå utdanningsinstitusjonane og dei tilsette i studentsamskipnaden.
Studentsamskipnadenes tilbod er finansiert gjennom direktebetaling for enkelte tenester, støtte frå utdanningsinstitusjonane, inntekter frå studentsamskipnadenes forretningsdrift, statsstøtte og semesteravgift.
Administrerande direktør 1989 - 1995 Geir Atle Mjeldheim 1996-d.d. John Hvidsten
Styreleiarar 2010-d.d.: Magnus Hovengen 2008-2010: Fredrik Arneberg 2005-2008: Anita Solberg
Bakgrunnsstoff Oslo- og Akershushøgskolenes studentsamskipnad
Kategori:Utdanning i Oslo Kategori:Utdanning i Akershus Kategori:Studentsamskipnader Kategori:Skipingar i 1989