Apostelen Bartolomeus var ein av Jesu læresveinar og ein av dei tolv opphavlege apostlane.

Bartolomeus er lite omtalt i Bibelen. Han er nemnd i dei tre synoptiske evangelia i samband med at Jesus kallar apostlane til seg. I Apostelgjerningane er han nemnd blant læresveinane som var vitnar til Kristi himmelferd.

Det apokryfe Bartolomeusevangeliet, som no er tapt, er nemnt i fleire tidlege kristne kjelder. Bartolomeus speler ei sentral rolle i to overlevande tidlegkristne skrifter, Spørsmåla til Bartolomeus og Boka om gjenoppståinga til Jesus Kristus av apostelen Bartolomeus.

Etter ei legende fekk Bartolomeus kongen av Armenia til å omvende seg til kristen tru. Men da den heidenske broren til kongen oppdaga dette, lét han Bartolomeus bli flådd levande for så å bli halshogd. mini|venstre|Michelangelo si dommedagsfreske viser den heilage Bartolomeus med ein kniv i handa og eit flådd skinn. Minnedagen hans, barsok eller St. Bartholomeus-messe, vert feira 24. august. I kunsten vert han oftast avbilda med ein kniv, til minne om martyriet hans.

Kjelder

Bartolomeus Bartolomeus