«I Am a Child» er ein song skriven av Neil Young og spelt inn som Buffalo Springfield på albumet deira Last Time Around frå 1968. Bandet var i røynda oppløyst og albumet vart berre gjeve ut for å fullføre platekontrakten dei hadde med Atco. Ingen andre medlemmer i bandet spelar på denne songen.

Neil Young spelte songen mykje gjennom solokarrieren sin og han finst mellom anna på Decade, Live Rust og Bridge School Benefit i tillegg til samleplata Retrospective: The Best of Buffalo Springfield og plateboksen Buffalo Springfield.

Kjelder Hyperrust

Kategori:Neil Young-songar Kategori:Buffalo Springfield-songar Kategori:Songar frå 1968 Kategori:Songar skrivne av Neil Young