mini|Kart over krigsframstøyt i Europa i 1940, irekna invasjonen av Noreg Den andre verdskrigen råka Noreg hardare enn nokon annan moderne krig hadde gjort. Landet opplevde totalitært styre frå den tyske okkupasjonsmakta og bombeåtak frå dei allierte, rasjonering av mat og utstyr og mangel på informasjon. Embetsverket, politiet o.l. samarbeidde så godt dei kunne med den nye statsmakta. Men det blei og utvikla ei motstandsrørsle som arbeidde i og utanfor landet, medan det blei skapt eit fiendebilde av ekte eller tenkte overløparar, som medlemmer av det norske nazistpartiet Nasjonal Samling og «tyskartøser», jenter som gjekk med tyske soldatar.

Noreg var under tysk okkupasjon frå 1940 til 1945. Åtaket frå Hitler-Tyskland tok til 9. april 1940, Noreg var fullt ut okkupert frå førstninga av juni, og dei tyske styrkane i Noreg kapitulerte 8. mai 1945.

Under den nazi-tyske okkupasjonen var demokratiet i Noreg avskaffa. Den lovlege regjeringa i landet, leidd av Johan Nygaardsvold, oppheldt seg i London under okkupasjonen. Etter ei stund vart det norske nazistpartiet NS gjort til formelt regjeringsparti, men den røynlege makta låg heile tida hos leiaren for okkupasjonsmakta, Josef Terboven.

Den nazi-tyske okkupasjonspolitikken i Noreg var relativt mild, samanlikna med åtferda deira i mange andre land, ikkje minst i Polen, Jugoslavia og Sovjetunionen. Nordmenn flest vart sedde på som folk av rett rase som det var om å gjera å vinne over til nazistane si side. (Dette gjaldt sjølvsagt ikkje norske jødar eller sigøynarar. Halvparten av dei norske jødane vart drepne, nesten alle dei fekk tak i.) Derfor hadde tyske okkupasjonssoldatar generell ordre om å fara fint åt med norske sivile. Dersom nordmenn deltok i motstandsarbeid, vart dei likevel utsette for all den grove vald og terror nazismen elles ikkje nølte med å bruke. Til saman vart om lag 10 000 nordmenn drepne under andre verdskrigen.

Opptakt Då den andre verdskrigen starta i september 1939, erklærte Noreg seg nøytralt, slik som under den fyrste verdskrigen. Landet oppretta nøytralitetsvakt og forsterka vakthaldet langs kysten, men hadde etter mange års nedrusting eit svakt og gamaldags forsvar. Utover våren 1940 auka presset på Noreg. I fylgje utanriksminister Halvdan Koht var regjeringa samde om at ein måtte syrgja for å hamna på britisk side, dersom det no vart krig. På den andre sida sa Koht at han trudde at britane hadde sett seg som mål å driva Noreg ut i krigen. Ein grunn til at Noreg var viktig var at Narvik var utskipingshamn for strategisk viktig jernmalm til både Tyskland og Storbritannia. Noreg var òg viktig på grunn av den lange kysten med godt rom for å laga marinebasar og flyplassar.

Eit av dei alvorlegaste åtaka på nøytraliteten var Altmark-saka den 16. februar 1940. Det britiske krigsskipet HMS «Cossack» borda det tyske skipet i Jøssingfjord. Britiske fangar vart sette fri, trass norske protestar. Hendinga vart nytta som argument frå tysk side om at Noreg ikkje var i stand til å vera nøytral i krigen. I røynda hadde tysk planlegging for invasjonen starta allereie i desember året før. Tyske styresmakter var særs redde for at dei allierte skulle ta kontroll over Noreg. Noreg kunne nyttast som base for åtak mot Tyskland. I tillegg kunne malmeksporten frå Sverige blokkerast. Både Tyskland og dei allierte la planar om å okkupera Noreg, og 8. april la britiske skip miner i Vestfjorden. Om kvelden den åttande april vart eit tysk transportskip senka utanfor Kristiansand. Soldatane om bord sa at dei var på veg mot Bergen.

Invasjon i april 1940 3. april hadde tyske krigsskip lagt ut frå hamn i Operation Weserübung, kodenamnet for invasjonen av Danmark og Noreg. Kring midnatt natt til 9. april fall den fyrste nordmannen, kaptein Leif Welding Olsen på vaktskuta Pol III i Ytre Oslofjord. Dei tyske skipa heldt fram innover fjorden, men vart stogga då Oscarsborg festning senka flaggskipet «Blücher». Dei andre skipa gjekk ikkje inn til Oslo på grunn av at dei trudde fjorden var minelagd. Senkinga gjorde at tyskarane sine planar vart skipla. Slik kunne kongen og regjeringa få høve til å rømma frå Oslo. Regjeringa og kongen tok sete på Hamar. Tanken var at mobiliseringa av dei norske styrkane skulle skje via postgang. Mobiliseringa skjedde på lite organisert vis, mellom anna av di det ikkje gjekk ut melding via radio. I kystbyane Arendal, Kristiansand, Egersund, Stavanger, Bergen, Trondheim og Narvik møtte tyskarane svak eller ingen motstand. Felttoget innover i landet kunne byrja.

Felttoget i 1940 og norsk kapitulasjon I innlandsbygdene møtte tyskarane meir motstand enn venta og sabotasjeaksjonar forseinka framdrifta mykje. Den 20. april var framleis det meste av innlandet under norsk kontroll. Dei siste områda i Sør-Noreg under norsk kontroll var Vinje og Tinn i Telemark fylke og Trysil i Hedmark fylke. I Trøndelag var dei siste områda med norsk motstand ved Røros, Hegra (Stjørdal) og Snåsa. Alle desse stadane var framleis under norsk kontroll den 6. mai. thumb|Britiske soldatar går gjennom ruinane av Namsos etter tysk bombing april 1940. Nokre norske byar, Namsos, Steinkjer, Elverum, Molde, Kristiansund, Bodø og Narvik vart totalskadde. Skadane kom som fylgje av kampar eller tysk bombing. Elverum vart den fyrste byen i verda til å verta utsletta gjennom åtak frå lufta. Elverum brann ned grunna trehusa.

Noko hjelp kom frå vestmaktene. Britane sette i land soldatar i Åndalsnes. Britiske, franske og polske styrkar deltok i slaget om Narvik. Slaget om Narvik vart vunne av vestmaktene, og vart feira som den fyrste allierte sigeren i krigen. Då Tyskland invaderte Frankrike vart vestmaktene sine styrkar dregne ut av Noreg. Den 8. juni vart den norske øvstkommanderande general Otto Ruge informert om tilbaketrekkinga.

Den 10. juni kapitulerte nordmennene, medan kongen og regjeringa reiste i eksil til Storbritannia. I ettertid var det ulike tolkingar om kva kapitulasjonen omfatta. Ei tolking kunne vera at det var dei norske styrkane i Noreg som la ned våpna. Ei anna tolking kunne vera at det var Noreg som stat som kapitulerte. Forsvarssjefen, general Otto Ruge, hadde fullmakt frå regjeringa til å forhandla på vegner av Noreg. Kapitulasjonserklæringa vart skriven under i Trondheim. Den mest omstridde setninga lyder «Die gesamten norwegischen Streitkräfte legen die Waffen nieder und werden sie während der Dauer des gegenwärtigen Krieges nicht wieder gegen das Deutsche Reich oder dessen Verbündete ergreifen». Omsett til norsk vert det: Alle norske styrkar legg ned våpna og vil så lenge krigen varar ikkje igjen gripa til våpen mot det tyske rike eller allierte av Tyskland. Ei avgrensa tolking vil vera at setninga viser til dei attverande norske styrkane i Noreg. I praksis ville det utgjera 6. divisjon i den norske hæren. Nygaardsvold si regjering sende i alle høve ikkje ut noka ordre om total kapitulasjon. Kongen og regjeringa oppretta hovudkvarter i London, og oppmoda til vidare kamp mot tyskarane. Særleg viktig var dette på grunn av den store norske utegåande handelsflåten. Regjeringa hadde allereie i april oppretta eit eige organ som styrte dei norske skipa på verdshava. Organet heitte The Norwegian Shipping and Trade Mission, vanlegvis omtala med telegramadressa NORTRASHIP. Innkomene frå dei rekvirerte skipa sette regjeringa i stand til å halda fram med ein aktiv kamp.

Okkupasjonstida Den tyske okkupasjonen av Noreg var i all hovudsak fredeleg. Særleg gjeld dette om ein samanliknar med tysk okkupasjon av land i Aust-Europa. Tyske styresmakter ynskte ro og orden og at hjula vart haldne i gang. Fleirtalet av nordmenn gjorde ikkje aktiv motstand. I Aust-Europa var det mykje meir aktiv krigføring av ymse motstandsrørsler. Tyskarane hadde tankar om at nordmennene etter krigen kunne verta med i eit germansk rasefellesskap. Aust i Europa var det meir tale om å fortrengja underlegne rasar til føremon for tyskætta busetting.

Opp til 400 000 tyske soldatar var stasjonert i Noreg. I tillegg gjekk ymse krigsskip langs kysten. Vestmaktene gjorde små åtak mot norskekysten for å gje inntrykk av eit komande større åtak. Eit døme på slike åtak var Måløy-raidet. Om dei tyske ressursane hadde vorte sett inn andre stader kunne krigsgangen vorte endra.

Den tyske okkupasjonsmakta nytta ved nokre høve harde straffetiltak mot sivile. Eit av dei verste døma var bygda Tælavåg i Hordaland. Etter at to Gestapo-offiserar vart drepne i kamp med Linge-folk, vart heile bygda lagt aude av tyskarane. Alle vaksne menn vart sende til konsentrasjonsleiren Sachsenhausen, der 31 av 72 døydde. Resten av folket i Tælavåg vart internerte i Noreg resten av krigen, og alle hus vart sprengde. Båtar vart tekne og husdyr avliva.

I Finnmark fylke vart krigen merka mykje hardare enn i resten av landet . Den tyske lapplandsarmén nytta den brende jords taktikk under tilbaketrekkinga frå Finland. Store delar av fylket vart lagt i ruinar av tyske styrkar. Målet var at styrkane frå Sovjet ikkje skulle finna mat og husrom. Dei som budde nord for Lyngen i Nord- Troms skulle evakuerast sørover. Offisielt skulle dei sivile verta skåna for dei sovjetiske styrkane si brutale framferd. Trass i dette var det mange norske som gøymde seg unna.

Dei norske bilanda Svalbard, Jan Mayen og Bjørnøya kom aldri under tysk kontroll. right|thumb|Det var i periodar mangel på mange matvarer i byane i Noreg under andre verdenskrig. Mange stilte seg i kø allereie klokka fem om morgonen for å få kjøpt mat. Her frå ei matkø i Oslo. Kvardagslivet under okkupasjonen vart kjenneteikna av svartebørs og rasjonering, og kunne vera vanskeleg, særleg for dei som ikkje eigde jord sjølve. Det var delvis vare- og matmangel, og sjølv om mager kost kan vera sunt ei rid, var ein i ferd med å få mangelsjukdommar på grunn av for lite feitt da krigen leid mot slutten. Folk svalt likevel ikkje i hel i Noreg under okkupasjonen, slik dei gjorde i store delar av det tysk-okkuperte Aust-Europa. Takka vera hjelp frå særleg Danmark og Sverige klarde nordmennene seg høveleg godt.

Styresett Allereie om kvelden den 9. april 1940 ordna den tidlegare forsvarsministeren Vidkun Quisling seg med tilgjenge til Norsk rikskringkasting sitt radiostudio i Oslo. I ei tale oppnemnde han seg sjølv til statsminister. Folk med tilknyting til partiet Nasjonal Samling (NS) vart peika ut til å sitja i regjering. Kuppet via radio kom overraskande for dei fleste tyske styresmakter. Planen var at regjeringa Nygaardsvold skulle verta sitjande, og at regjeringa skulle overtydast om at tyskarane kom for å ivareta norske interesser.

Då kongen og regjeringa nekta å gå med på dei tyske krava, vart det meir aktuelt å satsa på Quisling. Det synte seg at Quisling berre hadde stønad frå ei grein i det tyske maktapparatet. Etter nokre dagar vart Quisling pressa til å gje opp regjeringsplanane.

Eit administrasjonsråd vart oppretta av Høgsterett den 15. april. Rådet skulle styra dei områda som tyskarane kontrollerte. Leiaren av rådet var den sterkt konservative og tyskvenlege fylkesmannen i Oslo og Akershus, Ingolf Christensen. Delar av næringslivet og enkelte mektige nordmenn var interesserte i at ro og orden vart oppretta så snøgt som mogleg. Nokre ynskte at regjeringa Nygaardsvold skulle gje opp kampen og koma til ei avtale med tyskarane. Administrasjonsrådet sitt styringsområde omfatta frå 10. juni heile fastlands-Noreg. I røynda var det tyskarane sin administrator, Josef Terboven, som sat med makta. Terboven vart av Hitler frå 24. april utnemnd til Reichskommissar für die besetzten Norwegischen Gebiete (Rikskommisær for dei hærsette norske områda). Terboven skulle styra over sivile norske tilhøve. I røynda hadde han diktatorisk mynde, og berre Hitler stod over han.