«Alabama» er ein song av Neil Young frå albumet Harvest i 1972.

Songen er ein slags oppfølgjar til «Southern Man» frå After the Gold Rush i 1970 og teksten omhandlar fordomane i Sørstatane. Songen er truleg den hardaste songen på albumet og er basert på ein enkel folke-basert melodi.Allmusic David Crosby og Stephen Stills syng harmonivokal.

Som ein reaksjon på denne songen og «Southern Man» spelte Lynyrd Skynyrd inn «Sweet Home Alabama» der dei kritiserer Neil Young. Young likte derimot godt denne songen og har sagt han var stolt av å vere nemnd i ein så bra song.

Kjelder

Kategori:Neil Young-songar Kategori:Songar frå 1972 Kategori:Songar skrivne av Neil Young Kategori:Songar produserte av Neil Young Kategori:Songar om Alabama